Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Ankara (NTB-AFP-DPA): Tyrkia har sparka over 250 tilsette ved statsminister Binali Yildirims kontor, fordi dei er mistenkte for å ha deltatt i kuppforsøket i helga.
npk@npk.no
Publisert: 19.07.2016 kl 14:39
Nærare 500 er fjerna frå presidentskapet for religiøse spørsmål, som er det øvste religiøse organet i landet, opplyser nyheitsbyrået Dogan.
President Recep Tayyip Erdogans rådgjevar i flyvåpenet, oberstløytnant Erkan Kivrak, er òg blant dei som vert skulda for å ha deltatt i kuppforsøket. Han blei først sett i husarrest på eit hotell i Serik-distriktet sør i landet, men skal sidan vere overført til Ankara, melder Anadolu.
Ifølgje det statlege nyheitsbyrået er 85 generalar og admiralar arresterte og vil bli stilte for retten, tiltalte for å ha deltatt i kuppforsøket.
Av dei rundt 7.500 som er arresterte er 6.000 soldatar. Forsvarsleiinga i landet understrekar likevel at desse utgjer eit mindretal i hæren.
– Det store fleirtalet av våre medlemmer elskar sitt folk, nasjonen og flagget, og dei hadde absolutt ingenting med kuppforsøket til forrædarane å gjere, heiter det i ei kunngjering. (©NPK)