Klargjør siden...

Stadig fleire vass-skadar driv erstatningar i vêret

(NPK-NTB): Kvart niande minutt oppstår det ein vass-skade i eit hus eller ei hytte. Den kraftige auken har ført til at erstatningane har skote i vêret, viser nye tal frå Finans Norge.

I første halvår i år er det utbetalt 1,1 milliardar kroner i erstatning, 22 prosent meir enn på same tid i fjor.

I den same perioden er det registrert heile 30.000 vass-skadar, noko som er ein auke på 16 prosent. Mykje av auken kjem av vass-skadar som har oppstått etter store nedbørsmengder.

– Når skite vatn strøymer inn i bustaden, inneber det stort ubehag og mykje ekstra arbeid, seier kommunikasjonssjef Stine Neverdal i Finans Norge.

Hyppigheita av kraftig nedbør har auka over mange område i landet, og klimaendringane kjem til å gi større nedbørsmengder, peikar ho på.

Dei fleste vasskadane kjem likevel av ulike skader på rør inne i bustader. Sist vinter var det dessutan ein auke i talet på vass-skadar på grunn av frost. Det har ikkje vore så mange frostskadar sidan den kalde vinteren i 2010 og 2011.

– Det er viktig å halde bustaden eller hytta tilstrekkeleg varm for å unngå frostskadar, seier Neverdal. (©NPK)

Annonse