Klargjør siden...

Stanway sende England vidare i fotball-EM: – Ei skåring å vere stolt av

Georgia Stanway vart matchvinnar i første ekstraomgang då heimefavorittane England slo Spania 2–1 i kvartfinalen i fotball-EM.

– Eg er så stolt av dei. Vi er seriøse. Vi støttar kvarandre. Vi blir ikkje lamslått av å liggje under. Ikkje på eitt einaste tidspunkt trudde eg at vi skulle heim, sa Englands kaptein, Leah Williamson, til BBC.

Det stod 1–1 etter ordinær tid i den første kvartfinalen i Brighton etter at Esther Gonzalez hadde sendt Spania i leiinga etter 54 minutt. Ella Toones utlikning til 1–1 etter 84 minutt sende kampen til to gonger 15 minutts ekstraomgangar.

Seks minutt ut i 1. ekstraomgang banka Stanway til frå distanse. Ho fekk gå med ballen over halve bana etter eit høgt brot. Ho hadde fleire valmoglegheiter, men valde den enklaste med å sende ballen i nettet med ein susar frå distanse.

– Det er definitivt ei skåring å vere stolt av, sa Stanway til BBC.

– Det her viser berre kva nivå vi har. Vi får eit tilbakeslag og vi kjem tilbake. Vi la inn ein fantastisk innsats. Jobben er gjort og vi fokuserer no på semien, sa ho.

Det såg lenge ut som om Gonzalez skulle bli matchvinnar med 1-0-skåringa si. Innbytar Athenea del Castillo førte ballen inn i 16-meteren, og ho la ballen tilbake i 45 grader frå kanten til Gonzalez som banka til på direkten.

Det spanske laget var ballsikre og spesielt gode i ein-touch-spelet sitt. Dessutan er laget livsfarlege på dødballar. England fekk ikkje same utteljing for det høge presset som tilfellet var mot Noreg.

Seks minutt før slutt klarte endeleg Ella Toone å finne nettmaskene. Ho var tøff inne i feltet og sette 1–1 frå kort hald på innlegget frå Alessia Russo.

Kasta innpå offensive spelarar

Den engelske landslagssjefen Sarina Wiegman kasta innpå fleire offensive spelarar mot slutten av kampen, men nettkjenninga kom ikkje før Toone dukka opp inne i feltet. Det var faktisk første gong at dei engelske spelarane kom til innlegg mot det spanske laget.

Før den engelske utlikninga hadde den spanske kombinasjonen del Castillo/Gonzalez skapt fleire gode moglegheiter framfor det engelske målet.

Det var tredje EM på rad at Spania ryk ut etter kvartfinalen.

England møter vinnaren av oppgjeret Sverige/Belgia i semifinale i Sheffield tysdag.

– Dette er heimebanefordel, sa Wiegman og refererte til støtta frå dei engelske supporterane.

Spania sleit seg vidare

England banka Noreg med 8–0 i gruppespelet og cruisa seg gjennom gruppespelet med 14–0 i målforskjell. Spania sleit seg gjennom gruppe B etter å ha slått Finland og Danmark, men tapte for Tyskland.

Laget tok seg vidare til kvartfinale sjølv om laget fekk den største stjerna si Alexia Putella skadd før EM.

(©NPK)

Englands Georgia Stanway har scora 2–1 målet mot Spania og blei med det matchvinnar i kvartfinalen i fotball-EM. Foto: Alessandra Tarantino / AP / NTB

Esther Gonzalez scora 1-0-målet då Spania og England spelte 1–1 i kvartfinalen i fotball-EM for kvinner onsdag. Foto Alessandra Tarantino / AP / NTB

Annonse