Klargjør siden...
Annonse

Star Trek-skodespelar vart eldstemann i rommet

Star Trek-stjerna William «Kaptein Kirk» Shatner besøkte onsdag verdsrommet i romfartøyet Blue Origin.

Canadiske William Shatner, som er 90 år gammal og for alltid vil vere kjent som Kaptein Kirk i Star Trek-filmane, vart skoten opp frå basen til selskapet i Texas onsdag etter ei utsetjing på eit døgn på grunn av sterk vind.

Turen på New Shepard, som varte i litt over ti minutt, passerte den såkalla Karman-linja, som blir rekna for å vere grensa mellom atmosfæren og verdsrommet.

Shatner hadde følgje av Blue Origin-direktør Audrey Powers, tidlegare Nasa-ingeniør Chris Boshuizen og Glen de Vries, som starta teknologiselskapet Medidata Solutions.

I juli i år drog Blue Origin-eigaren Jeff Bezos, den rikaste mannen i verda, til verdsrommet, og under den korte romferda gjennomførte fartøyet fire minutt over Karman-linja.

(©NPK)

Blue Origin vart skoten ut i rommet onsdag 13. oktober. Foto: LM Otero / AP / NTB

Fallskjermen ber med seg Blue Origin-kapselen med passasjarene onsdag 13. oktober etter ein vellukka romfartstur. Foto: LM Otero / AP / NTB

Mannskapet på Blue Origins ferd onsdag, frå venstre: Chris Boshuizen, William Shatner, Audrey Powers og Glen de Vries. De brukar same romkapsel som Jeff Bezos brukte på sin tur for tre månader sidan. Foto: Blue Origin via AP / NTB