Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Havarikommisjonen har avslutta granskinga etter at det brann i ein Tesla Model S som lada ved ein hurtigladestasjon i Aust-Agder.
npk@npk.no
Publisert: 14.01.2016 kl 16:18
– Det er interessant å få klarlagt korleis ein slik brann kan oppstå, men ettersom det aller meste tyder på at brannen oppstod i bilen, og det berre er eitt tilfelle i verda av dette, i alle fall berre eitt som er kjent, valde vi å avslutte arbeidet utan å gå vidare med det, seier avdelingsdirektør Rolf Mellum i Statens havarikommisjon for transport, til Agderposten.
Det var på førespurnad frå Statens vegvesen at Havarikommisjonen skulle vurdere risikoen knytt til denne typen hurtiglading. Til Agderposten grunngjev Mellum avgjerda om å avslutte arbeidet også med at det handlar om manglande ressursar.
Havarikommisjonen gir ikkje rapport om granskinga.
Det var første nyttårsdag i år ein Tesla Model S begynte å brenne då han stod ved ein Tesla hurtigladestasjon langs E18 ved Brokelandsheia i Aust-Agder. Ulykka skjedde midt på dagen. Den eitt år gamle Teslaen vart heilt utbrent. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.