Statens Havarikommisjon skal granske brann i Tesla

(NPK-NTB): Brannen i ein Tesla Model S som skal ha starta medan han stod og lada ved ein hurtigladestasjon, blir no også undersøkt av Havarikommisjonen.

Avdelingsdirektør Rolf Mellum i Statens havarikommisjon for transport opplyser til VG at dei blei kontakta av Statens vegvesen denne veka.

– Vi har henta inn ein del informasjon og har bestemt oss for å gå vidare med saka, seier han.

Det var første nyttårsdag i år ein Tesla Model S begynte å brenne då han stod ved ein Tesla hurtigladestasjon langs E18 ved Brokelandsheia i Aust-Agder. Ulukka skjedde midt på dagen. Den eitt år gamle Teslaen blei heilt utbrent.

Havarikommisjonen skal avdekkje kva som var brannårsaka, og vurdere om det er ein tryggingsrisiko knytt til ei konkret hurtiglading og om det er fare for gjentaking. (©NPK)