Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Saudi-Arabia kastar seg inn i kampen om å få arrangere fotball-VM for menn i 2034.
Publisert: 04.10.2023 kl 18:15
Sist oppdatert: 04.10.2023 kl 19:04
Det kjem fram i ein offisiell uttale frå fotballforbundet i landet.
– Ambisjonen er å levere ein meisterskap i verdsklasse og hente inspirasjon frå Saudi-Arabias pågåande sosiale og økonomiske samfunnsreformer og den djuptliggjande lidenskapen i landet for fotball, står det i meldinga.
Nyheita kom kort tid etter at Det internasjonale fotballforbundet (Fifa) oppmoda medlemsland i dei kontinentale forbunda i Asia og Oseania til å søkje om 2034-sluttspelet.
Det er lagt opp til at berre søkjarar frå desse to verdsdelane vil vere kandidatar til å få meisterskapen.
Saudi-Arabia har det siste året trappa kraftig opp fotballsatsinga og henta ei rekkje stjernespelarar til toppligaen i landet. Golfstaten bruker også milliardbeløp på andre idrettar.
Ei VM-tildeling til den styrtrike nasjonen vil vere omstridd. Saudi-Arabia har i ei årrekkje vorte kritisert for brot på menneskerettane og vore skulda for å drive med sportsvasking.
Fifa møtte hard motstand frå delar av den vestlege verda då Qatar vart tildelt vertskapet for 2022-meisterskapen. Kritikken var særleg tøff i Norden, og i norsk fotball var boikottspørsmålet oppe til diskusjon.
Onsdag vedtok Fifa-styret å gi 2030-VM til Spania, Portugal og Marokko, men dei tre første kampane skal leggjast til Uruguay, Argentina og Paraguay.
Starten går i Sør-Amerika for å feire VMs 100-årsjubileum. Uruguay arrangerte den første meisterskapen i 1930.
(©NPK)
Mohamed Kanno (t.h.) i aksjon for Saudi-Arabias landslag mot Costa Rica nyleg. Onsdag blei det kjent at Saudi-Arabia vil søke om fotball-VM i 2034. Foto: Scott Heppell / AP / NTB
Artikkelen fortsetter etter annonsen.