Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-Dag Kjørholt): Over åtte av ti statlege arbeidsplassar utanfor Oslo blir flytta til storbyane. Senterpartiet og Arbeidarpartiet er kritiske og kallar det ein storstilt sentraliseringspolitikk.
npk@npk.no
Publisert: 15.07.2016 kl 09:34
Sist oppdatert: 15.07.2016 kl 13:31
Rundt 86 prosent av dei statlege arbeidsplassane som Solberg-regjeringa har flytta ut av Oslo, har gått til storbyane Bergen, Stavanger, Trondheim, Tromsø og Kristiansand, viser eit oversyn Kommunal- og moderniseringsdepartementet har gitt til Nationen. Det skaper reaksjonar.
– Det er ingen tvil om at det er ei heilt annan haldning til kva som er distriktspolitikk. Der vi flytta ting til Voss, så er distriktspolitikk i denne regjeringa å flytte ting til Bergen, seier stortingsrepresentant Geir Pollestad (Sp) til avisa.
Oversynet viser at Solberg-regjeringa har flytta eller nyetablert 324 arbeidsplassar utanfor Oslo. Tilsvarande tal for dei raudgrøne i perioden 2009 til 2013 var, ifølgje departementet, 200.
– Vi har stilt spørsmål til regjeringa om dei driv ein storstilt sentraliseringspolitikk. Det beviser desse tala at dei gjer, seier stortingsrepresentant Eirin Sunde (Ap).
Ho legg til at sentraliseringa kjem til å bli eitt av dei viktigaste spørsmåla i valkampen neste år.
– Det er urovekkjande at Senterpartiet set distriktspolitiske omsyn føre kvalitet på tenestene. Nærpolitireforma er eit godt eksempel, der Senterpartiet set distriktspolitikken føre dei politifaglege råda. Det er ein politikk eg vil åtvare mot dersom målet er å gi gode tenester til innbyggjarane våre, seier han. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.