Annonse

Statlege børslokomotiv sakkar akterut på omdømmemåling

(NPK-NTB): Store statleg eigde konsern som Statoil, DNB og Telenor fell tilbake på TNS Gallups årlege omdømmemåling.

Vinmonopolet tronar for fjerde år på rad på toppen av lista, med 85 poeng, etterfølgt av Mercedes og Toyota, skriv Dagbladet.

Statoil fell med 13 poeng frå i fjor til 39 poeng, DNB fell med 7 poeng og får 42, mens Telenor fell med 6 til 38. Alle er blant dei 20 selskapa i botnen i undersøkinga som vart gjennomført i mars.

Norwegian er på veg opp igjen (18 poeng), men blir framleis slått av SAS. Tine gjer eit stort hopp frå 15. til 6. plass. Tabloide riksmedia som Dagbladet og VG figurerer som vanleg i botnen av lista saman med blant andre NextGenTel, NSB og Facebook.

68 verksemder er med i undersøkinga, der 5.088 personar er intervjua.

– Det er dessverre ikkje overraskande at vi har ein nedgang. Det har vore ein ganske krevjande sisteperiode med blant anna Vimpelcom-saka. Men det er berre å brette opp ermane for å få opp omdømmet, seier kommunikasjonsdirektør Torill Uribarri i Telenor Norge.

Statoils informasjonsdirektør Bård Glad Pedersen seier konsernet ikkje er overraska over tilbakegangen, med tanke på det sterke fallet i oljeprisen det siste året. (©NPK)

Annonse