Statnett og Nettpartner har inngått forlik

(NPK-NTB): Statnett og Nettpartner har inngått forlik om avviklinga av to kontraktar. Bakgrunnen for saka er ifølgje Statnett større HMS-hendingar og avvik.

– Ved dei to kontraktane var det større HMS-hendingar og avvik, som gjorde at vi i slutten av mai varsla at vi ønskte å avvikle kontraktane. Dei blei stoppa umiddelbart i slutten av mai, seier konserndirektør Elisabeth Vike Vardheim i Statnett til NTB.

Partane har forhandla om avviklinga av dei to kontraktane og har blitt samde om eit forlik. Vardheim seier at ho ikkje kan uttale seg om detaljar i forliket.

Konsernsjef Arild Borgersen i Nettpartner er nøgd med forliket og med at selskapet no har lagt desse forholda bak seg.

– Det er nå lagt eit godt fundament for vidare samarbeid på eksisterande kontraktar. Ut over dette har vi ingen kommentarar, seier han.

Statnett understrekar at forliket og avviklinga av kontraktane ikkje har samanheng med dødsulukka ved Statnetts anlegg i Nordland i mai, der ein linjemontør i 30-årene frå Kroatia døydde. (©NPK)

Annonse