Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Dei siste 18 åra har Statoil arrangert gratiskonsert i Bjergsted i Stavanger, men no er det inntil vidare slutt.
npk@npk.no
Publisert: 12.05.2016 kl 17:29
– Rundt påske vart det tatt ei avgjerd om at vi ikkje kjem til å arrangere «Til byen»-konserten i år, seier informasjonsdirektør Ola Andersen Skauby i Statoil til Stavanger Aftenblad.
Det blir minst eitt års pause etter 18 år med konsertar. I fjor var Jarle Bernhoft og Ingrid Olava blant trekkplastera på konserten. Statoil avlyser konserten i år for å kutte kostnader.
– Vi må sjå på alle kostnader i selskapet. Det sat langt inne å avlyse konserten, for vi veit at dette er noko svært mange har sett pris på. Men slik situasjonen er i dag, må vi snu alle steinar i selskapet og sjå korleis vi kan bruke ressursane på den best moglege måten, seier Skauby.
I staden for konserten har Statoil valt å bruke delar av dei same pengane til å stimulere interessa for realfag, teknologi og forsking hos unge. (©NPK)