Klargjør siden...

Statoil har fullført oppkjøpet i Lundin

(NPK-NTB): Statoil har fullført transaksjonen der dei kjøper seg opp til 20 prosent i oljeselskapet Lundin og betalar med 15 prosent av Edvard Grieg-feltet.

Lundin overtar dermed heile delen Statoil har i Edvard Grieg-feltet, og partar på høvesvis 9 og 6 prosent i røyrleidningane frå dette feltet og frå Utsirahøgda.

Statoil betalar dessutan 64 millionar dollar – godt over ein halv milliard norske kroner etter dagens kurs – i kontantvederlag for det auka eigarskapet i svenske Lundin.

Statoil opplyser på sine nettsider at transaksjonen vart godkjent på Lundin Petroleum ABS ekstraordinære generalforsamling torsdag, og dei har fått dei nødvendige godkjenningane frå myndigheitene. (©NPK)

Annonse