Statoil kjøper overlevingsdrakter for 200 millionar

(NPK-NTB): Statoil skal byte ut alle dei gule overlevingsdraktene sine offshore med nye gule drakter med personleg nødpeilesendar. Kostnaden er meir enn 200 millionar kroner.

Det er Hansen Protections i Moss som har fått ordren, skriv Stavanger Aftenblad.

Fleire tusen drakter skal produserast og bytast ut over ein toårsperiode. Det nøyaktige talet er enno ikkje kjent.

Draktene vert nytta ved alle helikoptertransportar og som personleg tryggingsutstyr i beredskapssituasjonar på installasjonane. (©NPK)

Annonse