Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Statoil var blant vinnarane på Oslo Børs onsdag, og det bidrog sterkt til at hovudindeksen heva seg 0,8 prosent – til 627,12 poeng. Dermed gjekk Oslo i motsett retning av fleire store europeiske børser.
npk@npk.no
Publisert: 18.11.2015 kl 10:11
Sist oppdatert: 18.11.2015 kl 18:02
Indekstunge Statoil, som var dagens nest mest omsette aksje, hadde ein oppgang på 3 prosent. Oppover gjekk det også for Telenor (+1,2), Prosafe (+0,8), DNB (+0,4), Seadrill (+2,9), Norsk Hydro (+1) og Subsea 7 (+3,5).
Den mest omsette aksjen var Scatec Solar, som fall 6 prosent. Også Yara (-1,5), Bakkafrost (-2,1) og Orkla (-0,4) måtte sjå aksjekursen gå ned.
Ved dei leiande europeiske børsene var utviklinga noko dårlegare enn i Oslo. I London heva FTSE 100-indeksen seg marginale 0,1 prosent, medan DAX 30 i Frankfurt og CAC 40 i Paris fall høvesvis 0,1 og 0,5 prosent.
Nordsjøolje blei onsdag ettermiddag omsett for 43,72 dollar fatet, eit fall på 0,5 prosent sidan tysdag. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.