Klargjør siden...
Annonse

Statsadvokaten ankar knivstikkingsdom frå Trondheim

Saka om ei knivstikking på Solsiden i Trondheim i juli 2020 går no vidare til Frostating lagmannsrett, etter at statsadvokaten anka dommen i tingretten.

Natt til 6. juli 2020 vart ein mann i 20-åra knivstukken utanfor ein restaurant på Solsiden i Trondheim sentrum. To menn i 20- og 30-åra vart i april i år dømde til tre års fengsel for medverknad til grov kroppsskade i Sør-Trøndelag tingrett, skriv Adresseavisen.

Statsadvokat Kaia Strandjord la derimot ned påstand om sju og eit halvt års fengsel for medverknad til drapsforsøk. Måndag vart det klart at ho ankar dommen til Frostating lagmannsrett.

– Eg meiner både bevisvurderinga og straffutmålinga bør få ny vurdering av lagmannsretten. Det var såpass stort avvik mellom det eg påstod, og det som vart resultatet, seier ho.

(©NPK)

Det var på Solsiden i Trondheim at knivstikkinga skjedde i juli 2020.
Foto: Gorm Kallestad / NTB