Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Seks kvinner har klaga til Statsadvokaten på at dei har fått saka si mot kommuneoverlegen i Frosta lagt bort. Statsadvokaten har lagt bort totalt 15 saker.
Publisert: 09.10.2024 kl 14:49
Det opplyser statsadvokat Eli Nessimo i ein e-post til NRK. Klagefristen har enno ikkje gått ut.
Det er i tillegg til klager på bortlegging sendt inn ei klage på at påtalevedtaket har teke ut tiltale for § 295 (misbruk av stilling) og ikkje § 291 (valdtekt), skriv TV 2. Nessimo seier til kanalen at fem av klagene er nyleg seint til Riksadvokaten for behandling.
Den tidlegare kommuneoverlegen i Frosta er tiltalt for ha misbrukt stillinga si for seksuell kontakt med 95 kvinner, inkludert 88 valdtekter.
(©NPK)
Det er sett av 16 veker til hovudforhandlingane i rettssaka mot kommuneoverlegen som startar 5. november. Foto: Gorm Kallestad / NTB
Artikkelen fortsetter etter annonsen.