Annonse

Forsvararane tapte kampen om innsyn i dei hemmelege metodane til politiet mot Tengs-tiltalt

Dommarane i Tengs-saka seier dei ikkje kan påleggje hovudetterforskaren i saka å fortelje den tiltalte om han har vore utsett for hemmelege politiagentar.

Den tilspissande situasjonen oppstod då hovudetterforskar Dag Uppheim frå cold case-gruppa i Kripos vitna førre veke. Han fekk då spørsmål frå forsvararane til den tiltalte 52-åringen om det hadde vorte brukt hemmelege politiagentar under etterforskinga. Det er kjent at politiet i utstrekt grad gjennomførte skjult ransaking og overvaking medan dei etterforska han for drapet på Birgitte Tengs.

I retten nekta likevel Uppheim å svare på spørsmålet om politiet også med under cover-agentar nærma seg 52-åringen. Då forsvararane prøvde å presse han på dette, greip statsadvokat Nina Grande inn og forbaud politimannen å svare på spørsmålet.

Måndag måtte Grande sjølv kaste kappa og innta vitneboksen i rettssal 14 i Haugaland og Sunnhordland tingrett. Ho gjorde greie for at det var komme ei hemmeleg rettsavgjerd som forbaud Uppheim og alle andre i påtalemakta, å opplyse om 52-åringen hadde vorte utsett for slik hemmeleg etterforsking.

– Eg kan forsikre at det ligg føre ei rettsavgjerd som er akomme i forkant av tiltalen. Rettsavgjerda medfører at alle personar i saka er omfatta av teieplikt. Ingen kan seie noko om innhaldet i rettsavgjerda utan å bli strafferettsleg ansvarleg med tanke på teieplikta si, sa Grande på spørsmål frå dommaren.

Administratoren i retten Arne Vikse behandla spørsmålet og kom etter det med ei avgjerd om at han og dei andre dommarane i Tengs-saka ikkje har tilgang til å prøve spørsmålet. Det er etter reglane i straffeprosesslova som går ut på at påtalemakta kan nekte ein tiltalt og forsvararen hans innsyn i opplysningar frå etterforskinga som ikkje vil bli lagt fram som bevis under straffesaka.

– Ein einstemmig rett har dermed avgjort at Dag Uppheim ikkje kan svare på spørsmål om det er nytta under cover-agent under etterforskinga av den tiltalte i saka, sa Vikse i retten.

(©NPK)

Aktor og statsadvokat Nina Grande under saka mot mannen som er tiltalt for å ha drepe 17 år gamle Birgitte Tengs i mai 1995, måtte sjølv innta vitneboksen under rettssaka måndag. Bakgrunnen er at alle i politiet og påtalemakta nektar å seie om det blei brukt hemmelege politiagentar under etterforskinga av 52-åringen. Foto: Jan Kåre Ness / NTB

Annonse