Statsadvokaten legg bort naziflagg-sak

Påtalemakta har lagt bort saka mot to menn som var sikta for å ha planta eit naziflagg på Borestranden i Klepp kommune i sommar.

Førstestatsadvokat Harald L. Grønlien i Rogaland statsadvokatembete stadfestar overfor Stavanger Aftenblad at saka er lagt bort.

To menn i 30-åra var sikta for brot på paragrafen i straffelova som handlar om hatefulle ytringar. Då avisa sist skreiv om saka i juni, kunne politiet opplyse at dei hadde ransaka heime hos dei to mennene som då hadde status som sikta i saka. Heime hos den eine fann politiet eit flagg med eit hakekors på. Dette vart beslaglagt.

Grønlien seier at bruk av denne typen symbol kan vere ulovleg, og at det kjem an på konteksten dei blir brukt i.

- I denne saka har vi ikkje hatt nok opplysningar om konteksten til å seie at det er grunnlag for tiltale, seier han.

(©NPK)