Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Arrangørane av ein strandfest i eit naturvernområde i Laugarvika i Rogaland er melde til politiet for motorisert ferdsel i eit verneområde.
Publisert: 28.09.2023 kl 18:07
Strandfesten vart arrangert ei helg i slutten av juli på stranda Ognasanden, 50 kilometer sør for Stavanger.
Politiet stadfestar overfor Jærbladet at Statsforvaltaren i Rogaland har meldt arrangørane for brot på naturmangfaldlova og for motorisert ferdsel i eit verneområde.
Verneområdet det dreier seg om er Jærstrendene. Det er ifølgje Miljødirektoratet eit område med eit eineståande natur- og kulturlandskap, med dei finaste sanddynestrendene i Noreg.
– Eg kan stadfesta at me har fått inn ei melding på ei hending i Laugarvika, Ogna, seier politiadvokat Bjarte Myklebust ved Felles straffesaksinntak hos Politiet i Sør-Vest til Jærbladet.
Saka blir truleg etterforska av Miljøseksjonen i politiet, ifølgje Myklebust.
Det var Jæren friluftsråd som fyrst tipsa Statsforvaltaren om festen, der skal ha vore lys- og lydanlegg og motoriserte køyretøy i verneområdet.
(©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.