Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Tolv organisasjonar i skule og barnehage signerte saman med regjeringa eit nytt partnarskap mot mobbing fredag.
npk@npk.no
Publisert: 15.01.2016 kl 12:31
– Vi i regjeringa er kjempeopptatt av at de skal lære meir, for det treng vi i barndommen. Men det er vanskeleg å lære dersom du har ein klump i magen fordi du er redd for kva som skal skje i skulegarden eller fordi du ikkje har venner, sa statsminister Erna Solberg i talen sin til elevane på Marienlyst skole i Oslo fredag.
Partnarskapet erstattar det tidlegare manifestet mot mobbing som omfatta perioden 2011– 2015.
– Eg er veldig glad for at så mange organisasjonar ønsker å stå saman med oss i kampen mot mobbing. Vi kan ikkje få til endring i barnehage og skule utan at dei vaksne som møter barn kvar dag er med, seier Solberg.
Med partnarskapet forpliktar organisasjonane seg til felles tiltak og tiltak i den enkelte organisasjon. Partnarane skal blant anna bidra til å utvikle kompetanse lokalt om verkemiddel for å førebyggje, avdekkje og overvinne mobbing og krenkingar, spreie informasjon og byggje lokale nettverk.
Partnarane er Sametinget, Utdanningsforbundet, Foreldreutvalet for grunnopplæringa, Foreldreutvalet for barnehagen, Fagforbundet, KS, Skolenes landsforbund, Skolelederforbundet, Elevorganisasjonen, Norsk Lektorlag, Private barnehagers landsforbund og Kristne Friskolers Forbund på vegner av friskuleorganisasjonane. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.