Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Statsminister Erna Solberg (H) talte tysdag for Tryggingsrådet for første gong etter at Noreg vart medlem ved årsskiftet. Temaet var klima og tryggleik.
vaktsjef@ntb.no/kjell.asmund.sunde@npk.no
Publisert: 23.02.2021 kl 18:38
Solberg brukte dei tildelte minutta sine til mellom anna å teikne eit bilete av at klimautfordringar og valdelege konfliktar er samanfallande i store delar av verda, viser ei utskrift av talen på nettsidene til regjeringa.
Tolv av dei 20 landa som er mest sårbare i møte med klimaendringar, handterer òg valdelege konfliktar for tida, sa Solberg. I fleire delar av Afrika aukar konfliktnivået som følgje klimarelatert påverknad, og rekrutteringa til valdelege grupper aukar som følgje av mat- og ressursmangel.
– Vi risikerer ein negativ spiral: Klimaendringar undergrev evner til å handtere konflikt. Og konflikt undergrev motstandsdyktigheita mot klimaendringar, sa Solberg.
(©NPK)
Statsminister Erna Solberg (H) deltok tysdag i eit digitalt møte i FNs tryggingsråd om klimaendringar og tryggleik. Foto: Berit Roald / NTB
Solberg talte i Tryggingsrådet for første gong sidan Noreg blei medlem av rådet ved årsskiftet. Blant tilhøyrarane var Storbritannias statsminister Boris Johnson og FNs generalsekretær António Guterres. Foto: Berit Roald / NTB