Annonse

Statsrådar: - Næringslivet må tilsetje folk som har falle utanfor arbeidsmarknaden

Når Noreg går betre etter oljesmellen for nokre år sidan, bør næringslivet vise ansvar og tilsetje folk som har hamna utanfor arbeidslivet.

Det seier både næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) og arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie (H).

Måndag var toppsjefane i ei rekke store, norske bedrifter samla i representasjonsanlegget til regjeringa for å diskutere kva som skal til for at dei skal kunne tilsetje fleire med hol i CV-en, eller folk som av andre grunnar ufrivillig er arbeidsledige.

- No er nedtur og motgang snudd til opptur og optimisme. Det er «payback time», seier Røe Isaksen og Hauglie og peikar på at fellesskapet stilte opp i omstillingsfasen, noko som var heilt nødvendig.

- Det var Noreg på sitt beste: Samarbeid og solidaritet, nytenking og omstillingsevne, seier Hauglie.

Inkluderingsdugnad

Regjeringa har invitert til ein inkluderingsdugnad for å hjelpe fleire i arbeid. Dei siste tala viser at éin av fem i arbeidsfør alder står utanfor arbeidslivet i Noreg. Og sjølv om arbeidsløysa har gått ned, så er det framleis mange som slit med å få seg jobb, ikkje minst gjeld dette dei unge.

- Styresmaktene stiller opp med kvalifiseringstiltak, kompetanseheving og bistand til bedriftene som tilset, men vi har ingen jobbar å dele ut til folk, seier Hauglie.

Dei to statsrådane oppfordrar alle arbeidsgivarar til å bli med og mobilisere innanlands arbeidskraft: Viss vi ikkje rekrutterer frå eigne rekker, vil vi aldri lykkast med å inkludere fleire, meiner dei.

Vinn-vinn

- Tilset éin eller fleire som slit med å få innpass, og som kanskje ikkje har ein stroken CV. Gi folk ein sjanse, ta ein for laget. Viss Velferds-Noreg slik vi kjenner det skal bestå, er vi avhengige av at fleire får ta del i verdiskapinga, seier Røe Isaksen.

På møtet måndag er eitt av temaa korleis inkludering kan vere bra for botnlinja. Det vil bli vist døme på korleis slik inkludering er lønnsamt for bedriftene.

- Mange bedrifter er knallgode på inkludering, men fleire må ta sin del av jobben viss dugnaden skal bli vellykka. Derfor er næringslivet så viktig å få med seg. Og dette er vinn-vinn: Dei som har stått på utsida veit kva ein har å tape, og blir ofte dei mest lojale og dedikerte medarbeidarane, avsluttar Røe Isaksen.

NHO-sjef Ole Erik Almlid seier vi må tenke nytt når det gjeld rekruttering.

- Altfor mange står i dag på utsida. Samtidig manglar norske bedrifter arbeidskraft. For å dekke dette behovet er vi nøydde til å tenke nytt når det gjeld rekruttering. Vi må samarbeide om denne felles utfordringa og sørge for å gjere meir av det som fungerer, seier Almlid.

(©NPK)

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) og arbeidsminister Anniken Hauglie (H) oppfordrar næringslivet til å gi tilbake til fellesskapet ved å tilsette folk som har falle ut av arbeidsmarknaden. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix