Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Kulturminister Linda Hofstad Helleland (H) var heller ikkje måndag tilfreds med svara ho fekk frå idrettstoppane om openheit. No ventar ho på nye tiltak.
npk@npk.no
Publisert: 11.04.2016 kl 10:25
Idrettspresident Tom Tvedt møtte måndag statsråden for andre gong på éi veke for å diskutere openheit rundt pengebruken i Norges idrettsforbund og dei største norske særforbunda. Hofstad Helleland var ikkje nøgd med utfallet av det første møtet, og heller ikkje måndag kunne ho slå seg til ro med signala frå Tvedt og idrettsforbundets generalsekretær Inge Andersen.
– Det er i idrettens interesse å halde oppe høg tillit til heile det norske samfunnet. Dersom ein opplever at toppen i norsk idrett ikkje tar nødvendige grep for å sikre full openheit om bruken av fellesskapspengar og middel, meiner eg det er mi plikt som minister å setje i verk tiltak for korleis norsk idrett skal praktisere tilfredsstillande openheit, sa kulturministeren til NTB etter møtet.
Hofstad Helleland varslar no at det vil bli gjort ein jobb i departementet, før idrettspresidenten og staben hans vil få ei ny tilbakemelding.
– Vi skal jobbe med dette utover dagen og natta – og kjem til å melde tilbake til NIF i morgon, seier Hofstad Helleland.
Ho vedkjenner at idrettsforbundet la fram enkelte grep for å gi openheit eit tiltrengt løft, men at dette ikkje var tilstrekkeleg til å roe henne.
– NIF kom med nokre initiativ i møtet, men slik situasjonen er no må eg vurdere ytterlegare tiltak, seier kulturministeren.
– Du er openbert ikkje nøgd med det som vart sagt?
– Vi må vurdere ytterlegare tiltak for å sikre full openheit, svarar Hofstad Helleland.
Eitt av tiltaka som vart løfta fram frå idrettspresidenten, var nedsetting av eit utval som skal gjennomgå praksisen rundt innsyn og openheit i idrettsorgana.
– Vi skal no gå inn i tiltaka og sjå om dette er tilstrekkeleg – og deretter vurdere ytterlegare tiltak frå mi side, seier Hofstad Helleland. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.