Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Rektorar i Stavanger skal kursast i alvorlege hendingar, som skuleskyting.
npk@npk.no
Publisert: 11.07.2016 kl 07:44
Til hausten startar alle barne- og ungdomsskular i Stavanger med eit omfattande program, der alle rektorar skal gjennom kurs og øvingar for å øve på alvorlege, planlagte valdshendingar. Fleire rektorar er positive til tiltaket, skriv NRK Rogaland.
– Vi har venta på å få setje denne problemstillinga på dagsordenen. Det er visse manglar på skulane, og vi lurer på kva vi skal ha, seier avtroppande rektor Stein Endresen på Kannik ungdomsskole i Stavanger til NRK.
Skulesjef Jørn Pedersen i Stavanger kommune meiner det er viktig at skulane er førebudde, med tanke på tryggleiken til både elevar og tilsette.
– Det er ein levande debatt om dette i samfunnet. Heldigvis har vi lite erfaring med konkrete situasjonar her i Noreg. Vi har hatt situasjonar der vi har frykta at noko kan skje, og det er viktig med klare rutinar, seier han.
I tillegg til kurs og øvingar, gjennomgår kommunen no kva for fysiske sikringstiltak skulane bør ha. (©NPK)