Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Stavanger-ordførar Christine Sagen Helgø (H) vil halde folkeavstemming om samanslåing til ein storkommune i Rogaland.
npk@npk.no
Publisert: 01.02.2016 kl 17:05
– Eg vil gå inn for at Stavanger skal ha ei folkerøysting, slik som nabokommunane, seier ordføraren til Stavanger Aftenblad.
Etter det ordføraren seier, er det eit stort fleirtal av partia i kommunen som ønskjer folkerøysting, og rådmannen er i gang med å førebu ei sak om dette som skal opp i neste bystyremøte.
Nøyaktig kva Stavangers innbyggjarar skal stemme over, er enno ikkje klart. Kommunen har samtalar både med Sola, Sandnes, Rennesøy og Finnøy om ei eventuell samanslåing.
Sagen Helgø vil helst ha ein storkommune med alle dei fire andre kommunane.
Ordføraren i Sandnes, Stanley Wirak (Ap), har derimot ikkje så lyst til å inkludere Finnøy og Rennesøy. Han viser til at det da blir store avstandar. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.