Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Matmilliardær Stein Erik Hagen og selskapet Canica aukar den tradisjonelle valkampstøtta til Høgre og lover 5 millionar kroner til partikassa neste år.
npk@npk.no
Publisert: 12.09.2016 kl 18:14
Hagen har dei tidlegare åra donert 1 million kroner i valkampstøtte til Høgre, men no slår han og familien på stortromma, skriv VG.
– Det er eit eingongsbeløp til utgreiingar og til valkampen neste år. Vi veit at det etter kvart kjem mange millionar frå LO-familien til dei raudgrøne, så det er eit forsøk på å bidra til ein viss balanse, seier Hagen.
Han lover òg eit «betydeleg beløp» til Framstegspartiets valkampkasse.
Etter at Hagen overlét styringa av familieselskapet til barna, har dei lovd å vidareføre den politiske støtta. Støtta på 5 millionar kroner er ein solid auke frå tidlegare. Dei seier seg svært fornøgde med Erna Solberg som statsminister og håper det igjen blir borgarleg fleirtal neste år.
– Totalinntrykket er at Erna leier landet med fast hand. Vi er opptatt av rammevilkåra for det norske næringslivet og av valfridom for enkeltmennesket, seier Hagen. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.