Steinras sperrar E18 ved Lillesand

E18 ved Lillesand er stengd i begge retningar etter at det måndag morgon gjekk eit steinras over vegen. Ingen personar skal vere tekne av raset

Steinraset har gått over E18 mellom Kvernåstunnelen og avkøyring til Birkeland i vestgåande retning, melder 110-sentralen i Agder. Politiet opplyser at steinblokker blokkerer E18 i vestgåande løp.

– Ingen bilar skal vere ramma av raset, skriv politiet.

– Det har gått eit ras som er 40–50 meter breitt. Det er store steinblokker på fleire tonn. Det er heldig at ingen bilistar vart tekne, seier operasjonsleiar Eyvind Formo i Agder-politiet til Fædrelandsvennen.

Politiet vart varsla klokka 08.56 måndag. Klokka 10.35 skriv politiet på Twitter at dei jobbar med å hjelpe bilistar som står fast mellom raset og bommen som stengjer E18 bak dei.

– Personbilar blir først tekne og så vil tungtrafikk ta litt meir tid, skriv politiet.

Dette er andre gong sidan 2019 at det skjer eit stort steinras langs E18. Sist gong gjekk raset ved Larvik. No krev NAF svar på korleis to store ras over E18 kan skje med få års mellomrom:

– Dette skal ikkje skje. Rasa har gått ulike stader langs E18, men hendingar som dette kan skape stor uvisse og frykt hos folk, seier pressesjef Ingunn Handagard til VG.

(©NPK)

Ingen bilar vart tatt av raset. Foto: Tor Erik Schrøder / NTB

Dette er andre gong sidan 2019 at det skjer eit stort steinras langs E18. Sist gong gjekk raset ved Larvik. Foto: Tor Erik Schrøder / NTB

Eit stort steinras har gått over E18 mellom Kvernåstunnelen og avkøyringa til Birkeland ved Lillesand. Foto: Tor Erik Schrøder / NTB

E18 ved Lillesand er stengt etter at det måndag morgon gjekk eit steinras over vegen.
Foto: Tor Erik Schrøder / NTB