Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Kristin Størmer Steira blir ein av trenarane i eit nystarta privatlag i langrenn.
npk@npk.no
Publisert: 24.05.2016 kl 13:38
Team Telemark vart nyleg etablert som eit privatdrive profesjonelt lag med fleire norske og utanlandske langrennsprofilar i rekkjene kommande sesong, melder NRK.
Mari Eide, Kari Vikhagen Gjeitnes og Silje Øyre Slind er blant utøvarane som har takka ja til ein plass på laget. På herresida er Kristin Størmer Steiras canadiske ektemann Devon Kershaw og skotten Andrew Young klare.
Det same er telemarksløparane Mikael Gunnulfsen og Ånund Lid Byggland.
Kristin Størmer Steira skal bidra på trenarsida saman med tidlegare langrennsløpar Ella Gjømle Berg.
– Eg skal vere tilgjengeleg og hjelpe til med det eg kan. Bidra på nokre økter og vere sparringspartner og rådgjevar for jentene, seier Steira til NRK.
– Det er jenter her som kan hevde seg i verdstoppen. Eg ønskjer å bidra til at dei skal få ut sitt maksimale potensial, seier Gjømle Berg.
Sportsleg ansvarleg og hovudtrenar for det nye laget er telemarkingen Jostein Vinjerui. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.