Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Noreg gjekk inn til ein litt skuffande femteplass i stafetten i skiorientering onsdag. Ein sterk ankeretappe av Lars Moholdt gir derimot håp om medaljar i EM.
npk@npk.no
Publisert: 27.01.2016 kl 14:59
Det var vårleg med vatn og snø i sporet på den avsluttande stafetten under verdscupen i skiorientering i Tyskland onsdag.
Jørgen Madslien debuterte på første etappe, men tapte ein del til dei beste. Han sende Øyvind Watterdal ut som sjettemann.
Watterdal gjorde eit par småfeil, og saman med problem med stemplingseininga si, gav dette ein del tidstap.
– Det blei litt for mykje tid opp til dei beste laga. Men det er også uheldige tilhøve når Øyvind får problem med «stemplingane». Da går det nokre sekund på kvar post, samstundes som det er tøft for moralen, seier landslagstrenar Christian Hohl.
På sisteetappe viste i alle fall Lars Moholdt god moral. Han tok tredjeplass på både mellom- og langdistansen i helga og leverte igjen til toppkarakter.
Erik Rost tok Sverige inn til siger framfor to russiske lag. Rost gjekk dermed til topps i alle fem konkurransane i Tyskland.
– Totalt sett eit greitt resultat. Vi ser kvar vi står og er ikkje så langt unna målet om ein medalje når vi kjem til EM, seier Madslien.
Noreg stilte ikkje i kvinneklassen, som blei vunne av Russland framfor Sverige og Finland. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.