Klargjør siden...

Sterkaste kvartalsauke sidan 2006 for Aker

(NPK-NTB): Aker hadde eit resultat før skatt på 300 millionar kroner i det andre kvartalet i år, 34 millionar lågare enn i same kvartal i fjor. Samtidig gjev fusjon den største verdiauken sidan 2006.

Aker skriv i kvartalsrapporten sin at nettoverdien har auka med 29 prosent i perioden, til 24,7 milliardar kroner i andre kvartal i år.

– Det er den sterkaste kvartalsauken sidan 2006. Fusjonen med Det norske står åleine for 4 milliardar kroner av verdiveksten på 5,8 milliardar kroner. Det er ei påminning om vekstpotensialet i olje- og gassektoren, seier administrerande direktør Øyvind Eriksen.

Kvartalsrapporten viser eit kraftig omsetningsfall. Samla inntekter i konsernet fall frå 14,8 milliardar kroner i andre kvartal i fjor til 11,7 milliardar kroner i same kvartal i år. (©NPK)

Annonse