Klargjør siden...

Sterling blir Chelsea-spelar

Manchester City er samde med Chelsea om ein overgang for den engelske stjernevingen Raheem Sterling (27). Engelskmannen har skrive under for fem år.

Overgangen blir stadfesta av Chelsea på klubb-nettsidene onsdag.

Ifølgje The Athletic ligg overgangssummen på rundt 570 millionar kroner. Sterling skriv etter rapportane under ein femårskontrakt med opsjon på endå eitt år.

«Sju sesongar, elleve store trofé, ei livstid med minne», skreiv Sterling i eit innlegg på Twitter då det onsdag vart klart at han var ferdig i Manchester City.

«Respekten min for dykk kunne ikkje ha vore større. For ei reise det har vore», heldt 27-åringen fram og peika på lagkameratane, trenarane og alle i støtteapparatet i klubben.

Sterling vart henta til Manchester City frå Liverpool i 2015. Han vann fire ligatitlar, éin FA-cuptittel og tre ligacuptitlar med dei lyseblå. I alt skåra han 131 mål på 339 kampar.

«Eg kom til Manchester som 20-åring. No forlét eg klubben som ein mann», skreiv han i avskjedshelsinga si.

Sterling står med 77 landskampar for England. Debuten gjorde han unna som 17-åring i 2012.

(©NPK)

Raheem Sterling er ferdig i Manchester City og er klar for Chelsea. Foto: Jon Super / AP / NTB

Annonse