Annonse
Annonse
Annonse

Stødig 4-0-siger i jubileumskampen til Hjelmseth

(NPK-NTB): Ingrid Hjelmseth runda 100 landskampar då Noreg vann 4– 0 over Wales i EM-kvalifiseringskampen fredag. Det var lett spel for det norske laget.

Annonse

Den norske keeperen blei sjeldan sett på dei heilt store prøvene gjennom dei 90 minutta. Til det var motstanden for svak.

Det har gått 12 år og ni månader sidan Stabæk-spelaren fekk sin landslagsdebut.

Ho er likevel framleis berre nede på 15.-plassen på adelskalenderen. Ho har blant andre Trine Rønning og Isabell Herlovsen av dagens spelarar framfor seg.

Dei står med høvesvis 157 og 105 landskampar. Hege Riise toppar med sine 188 kampar med flagget på brystet.

Kampen starta litt treigt. Walisarane la seg djupt og slapp ikkje dei norske spelarane så lett til innleiingsvis. Herlovsen og Ada Hegerberg hadde begge eit par gode sjansar for Noreg til å ta leiinga.

Etter 30 minutt fant Herlovsen nettmaskene. LSK-spissen var vakent framme då den walisiske målvakta måtte gi retur på eit langskot frå kaptein Maren Mjelde.

Åtte minutt seinare dukka den andre norske spissen Ada Hegerberg opp. Lyon-proffen styrte ein heading i lengste hjørne for målvakta. Sjansen kom etter ein flott kombinasjon der backen Andrine Tomter fekk lagt inn.

Kaptein Maren Mjelde scora så på frispark på overtid.

Det norske spelet var litt unøyaktig til å begynne med, men så fann spelarane kvarandre betre og gjorde det vanskelegare for motstandarane.

Det blei etterlyst eit høgare balltempo i pausen, men tempoet blei ikkje spesielt høgare og eit defensivt satsande Wales fekk dempa godt opp for dei norske forsøka.

Veteranen Trine Rønning kom til sin 157. landskamp og etter 71 minutt fann ho Herlovsen med ei nydeleg pasning. Herlovsen hadde små problem med å setje sitt andre mål for kvelden. (©NPK)