Stolt Wales-sjef etter EM-bragd

(NPK-NTB-AFP): Wales-trenar Chris Coleman var kry som ein hane etter 3-0-sigeren over Russland i fotball-EM.

Wales stakk av med gruppesigeren, og det var det få som spådde på førehand.

– I gruppe med England, Russland og Slovakia visste at det ville bli tøft, og at det mest sannsynleg ville bli avgjort i siste kamp. Eg er stolt av spelarane, sa Coleman.

– Det er ein bonus å vinne gruppa. Eg har vore spelar sjølv, og er glad for at eg får oppleve dette som trenar. Eg er vel heilt utruleg stolt. Det gjer noko med deg når du ser på supporterane som er komne for å gi si støtte. Vi er ein liten nasjon, men våre hjarter er store, sa Coleman.

– Ei strålande framsyning, og vi fortente å vinne. Vi kunne ha scora meir. Dette var ein spesielt augneblink for walisisk fotball, sa Aaron Ramsey. Arsenal-spelaren laga 1-0-målet og vart kåra til beste spelar på bana.

– Dette var den beste kampen eg har vore på som Wales-spelar, sa stjernespelaren Gareth Bale.

Wales har allereie retta blikket framover.

– Eg ser aldri lenger fram enn til neste kamp. Det er ikkje meir enn tre kampar sidan vi tapte 0– 3 for Sverige, og eg veit kor fort det endrar seg. Dette er ei ny erfaring for oss, og det handlar om å konsentrere seg om neste kamp, konkluderte Chris Coleman. (©NPK)

Annonse