Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Nato-sjef Jens Stoltenberg åtvarar om Russlands president Vladimir Putins planar i Arktis. – Kortaste veg til Nord-Amerika for russiske missil eller bombefly er over Nordpolen.
uvakt@ntb.no/hege.grov@npk.no
Publisert: 25.08.2022 kl 09:36
Det skriv Stoltenberg i ein kronikk i den canadiske avisa The Globe and Mail i samband med at han besøkjer Canadas statsminister Justin Trudeau denne veka.
Der vil Arktis vere eit tema, og då spesielt russisk aggresjon i nordområda.
– Førre månad lanserte president Vladimir Putin ein ny maritim strategi for å verne arktiske farvatn 'med alle tilgjengelege middel', inkludert auka aktivitet omkring øygruppa Svalbard, og det hypersoniske missilsystemet Zircon på Nordflåten. Russlands evne til å forstyrre allierte forsterkningar over Nord-Atlanteren er ei strategisk utfordring for alliansen, skriv Stoltenberg.
Nato-sjefen åtvarar også om dei kinesiske planane i Arktis.
– Kina utvidar også rekkjevidda si, ved å erklære seg sjølv som ein «nær-arktisk stat» og planlegg ein «polar silkeveg» som knyter Kina til Europa via Arktis. Tidlegare i år lova Beijing og Moskva å intensivere det praktiske samarbeidet i Arktis, som ein del av eit utdjupande strategisk partnarskap som utfordrar verdiane og interessene våre, skriv generalsekretæren.
(©NPK)
– Arktis er inngangsporten til Nord-Atlanteren. Å sikre navigasjonsfridom og uhindra tilgang er avgjerande for å halde økonomiane våre sterke og folka våre trygge, skriv Nato-sjef Jens Stoltenberg i ein kronikk der han åtvarar om dei russiske og kinesiske planane i nordområda. Foto: Beate Oma Dahle / NTB
Artikkelen fortsetter etter annonsen.