Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Jens Stoltenberg avviser at Nato driv med sabelrasling overfor Russland, slik den tyske utanriksministeren Frank-Walter Steinmeier langt på veg seier.
npk@npk.no
Publisert: 20.06.2016 kl 20:03
– Nato står samla om å ønskje dialog med Russland samtidig som vi styrkjer det kollektive forsvaret. Det er inga motsetjing i dette, seier Stoltenberg til NTB.
– Vi ønskjer ikkje ein ny kald krig og står samla om å arbeide for avspenning, men vi ser det òg som heilt nødvendig med ei militær styrking fordi vi lever i ei farlegare verd, seier han.
Nato-generalsekretæren var måndag i Trondheim i samband med ei større øving. Han er godt kjent med intervjuet med Steinmeier i Bild am Sonntag, der den tyske utanriksministeren åtvarar Nato mot å provosere Russland ved å halde store militærøvingar i Aust-Europa. Steinmeier ber òg om at EU lettar på sanksjonane dersom det blir gjort framsteg i fredsprosessen og den såkalla Minsk-planen for Ukraina blir implementert.
– Eg er trygg på at EU ikkje kjem til å oppheve sanksjonane før dei ser ei substansiell endring i Russlands åtferd, seier Stoltenberg. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.