Stoltenberg forventar at Ungarn snart slepper Sverige og Finland inn i Nato

Nato-sjef Jens Stoltenberg seier tysdag at han forventar at det ungarske parlamentet snart fullfører ratifiseringa av Sveriges og Finlands Nato-søknader.

– Dette har så langt vore den raskaste medlemskapsprosessen i alliansens historie. Å fullføre Finlands og Sveriges tiltreding i Nato er ein prioritet for Nato, sa Stoltenberg, som tysdag deltek på SAMAK-konferansen i Helsingfors.

Ungarn og Tyrkia er dei einaste Nato-landa som enno ikkje har ratifisert svensk og finsk medlemskap i forsvarsalliansen.

Ungarns nasjonalforsamling skal etter planen starte debatten om ratifisering denne veka og halde avstemming neste veke.

– Eg forventar at det ungarske parlamentet fullfører ratifiseringa snart, heldt Nato-sjefen fram.

Møtest i Brussel

Stoltenberg sa også at han er glad for at Tyrkias president Recep Tayyip Erdogan har gått med på å ta opp att samtalane med Sverige og Finland.

Dei tre landa møtest på Natos hovudkvarter i Brussel neste veke.

– Eg har gjort det klart at både Finland og Sverige har levert på forpliktingane i den trilaterale avtalen inngått med Tyrkia under Nato-toppmøtet, og at tida har komme for å sluttføre ratifiseringsprosessen, sa Stoltenberg.

Han skal etter konferansen ha møte med Finlands president Sauli Niinistö og utanriksminister Pekka Haavisto.

– Styrkjer alliansen

Også statsminister Jonas Gahr Støre er i Helsingfors tysdag. Han la vekt på at Sveriges og Finlands inntog i Nato styrkjer tryggleiken i alliansen i eit Europa som har vorte langt farlegare det siste året.

– Vi må vere konsekvente og absolutte i spørsmålet om Sverige og Finland oppfyller kriteria for medlemskap. Gjer dei det, så skal dei ha medlemskap, fastslo han.

I innlegget sitt brukte Stoltenberg også tid på å snakke om krigen i Ukraina, som han meiner har ført til ei varig endring i forholdet til dei allierte til Russland.

– Vi må innsjå at slutten på krigen ikkje blir ein retur til normalen i relasjonen vår til Russland. Det er ingen veg tilbake, åtvara Nato-sjefen.

– Putin har etterlate seg ein sti av brotne løfte, sa Stoltenberg.

Nordisk toppmøte

SAMAK står for Arbeiderbevegelsens nordiske samarbeidskomité, og komiteen har ein årleg konferanse der toppleiarane for dei nordiske sosialdemokratiske partia samlast.

I år er Finlands statsminister Sanna Marin vert. Hovudtemaet på konferansen er Sverige og Finlands Nato-søknader.

Krigen i Ukraina, det finske valet i april og forholdet i dei nordiske landa til Tyrkia skal også diskuterast. I tillegg skal fagrørsla diskutere sitt ansvar for ei rettferdig grøn omstilling.

Forutan Støre er Arbeidarpartiets partisekretær Kjersti Stenseng og LO-leiar Peggy Hessen Følsvik til stades på vegner av Noreg.

(©NPK)

Nato-sjef Jens Stoltenberg forventar at parlamentet i Ungarn snart ratifiserer medlemskapssøknadene til Sverige og Finland. Foto: Heikki Saukkomaa / AP / NTB

Nato-sjef Jens Stoltenberg (t.v.) og statsminister Jonas Gahr Støre (t.h.) er tysdag i Helsingfors for å delta på eit møte i SAMAK. Finlands statsminister Sanna Marin (midten) er vert. Foto: Heikki Saukkomaa / AP / NTB

Nato-sjef Jens Stoltenberg åtvarar mot å tru at relasjonen til Russland vil bli den same som før krigen i Ukraina. Her er han med Finlands statsminister Sanna Marin under SAMAK-konferansen i Helsingfors. Foto: Heikki Saukkomaa / AP / NTB