Stoltenberg gler seg over Erdogans ja til finsk Nato-medlemskap
Natos generalsekretær Jens Stoltenberg gler seg over at Tyrkias president Recep Tayyip Erdogan no opnar døra for finsk medlemskap i forsvarsalliansen.
– Eg gler meg over avgjerda frå Tyrkia om å gå vidare med ratifiseringa av Finlands medlemskap i Nato. Dette vil styrkje Finlands tryggleik, det vil styrkje Sveriges tryggleik, og det vil styrkje Natos tryggleik, heiter det i ei fråsegn frå Stoltenberg.
Han understrekar viktigheita av at også Sverige får grønt lys, noko Tyrkia førebels har sagt nei til.
– Det viktigaste er at både Finland og Sverige raskt blir fullverdige medlemmer av Nato, ikkje at dei blir det på nøyaktig same tid, seier Stoltenberg.
(©NPK)
Nato-sjef Jens Stoltenberg gler seg over at Tyrkias president seier ja til finsk medlemskap i forsvarsalliansen. Foto: Jonas Ekstromer / TT / AP / NTB