Annonse

Stoltenberg: Tyrkia og Hellas har avlyst militærøvingar

Tyrkia og Hellas har vorte samde om å avlyse militærøvingar som var planlagde neste veke, opplyser Natos generalsekretær Jens Stoltenberg.

– Dette er eit veldig ønskt steg, sa Stoltenberg på Natos forsvarsministermøte fredag. Ministrane Nikos Panagiotopoulos frå Hellas og Hulusi Akar frå Tyrkia deltok på møtet, som vart gjennomført som ein videokonferanse.

Tyrkia og Hellas har denne hausten fått eit stadig meir anstrengt forhold som følgje av strid om gassførekomstar i Middelhavet.

Dei to militærøvingane skulle etter planen vore gjennomførte på nasjonaldagane i landa onsdag og torsdag neste veke.

– Vi hadde gode og konstruktive samtalar, og dei allierte uttrykte stor støtte til Natos mekanisme for å trappe ned konflikten, sa Stoltenberg etter ministermøtet.

(©NPK)

Nato-sjef Jens Stoltenberg kunne fredag fortelje at både Hellas og Tyrkia har avblåst dei planlagde militærøvingane sine, som skulle vere neste veke.
Foto: Petros Giannakouris / AP / NTB