Stoltenberg uroa over ønske om å splitte Bosnia

På besøk i Bosnia uttrykkjer Nato-sjef Jens Stoltenberg bekymring over ønsket til den bosnisk-serbiske republikken om lausriving.

Annonse

I tillegg åtvarar han mot «skadelig utenlandsk innblanding» i Bosnia – mellom anna frå Russland.

– Dette undergrev stabiliteten og hindrar reform, sa Stoltenberg under eit besøk i den bosniske hovudstaden Sarajevo måndag.

Den bosnisk-serbiske republikken – Republika Srpska – er éin av to landsdelar som utgjer Bosnia. Republika Srpskas president, Milorad Dodik, har fleire gonger sagt at landsdelen bør lausrivast og slåast saman med Serbia.

Vil trekkje fokuset vekk frå Ukraina-krigen

Dodik får politisk støtte frå Russland. Ifølgje nyheitsbyrået AP er det utbreidd frykt for at Russland prøver å destabilisere Bosnia og Balkan for å ta merksemd bort frå krigen i Ukraina.

Inndelinga av Bosnia i to landsdelar var eit resultat av krigen i landet på 1990-talet, som kosta hundre tusen menneske livet.

Leiinga i Republika Srpska har lenge hindra Bosnia i å søkje om medlemskap i Nato. Stoltenberg seier dette bør ta slutt og understrekar at alle land bør få velje sin eigen tryggingspolitikk utan utanlandsk innblanding.

Ønskjer fleire Nato-soldatar i Kosovo

Stoltenberg besøkte måndag også Kosovo, som i fleire månader har vore ramma av intern uro og eit stadig meir anstrengt forhold til Serbia i nord.

Ifølgje Nato-sjefen blir det no undersøkt om fleire soldatar frå forsvarsallianse skal stasjonerast i landet permanent.

– Vi vurderer no om vi bør ha ein meir permanent auke for å sikre at dette ikkje kjem ut av kontroll og skaper ein ny valdeleg konflikt i Kosovo eller regionen samla sett, sa Stoltenberg til journalistar under besøket.

Nato har i dag rundt 4500 soldatar i Kosovo.

(©NPK)

Natos generalsekretær Jens Stoltenberg under ein pressekonferanse i Sarajevo måndag. Foto: Armin Durgut / AP / NTB

Annonse