Annonse

Stoltenberg: USA held fram med å vere trufast Nato-medlem uavhengig av valresultat

USA kjem til å halde fram som ein «sterk og trufast» medlem av Nato, same kven som vinn valet i haust, ifølgje generalsekretæren i alliansen, Jens Stoltenberg.

– Nato gjer USA tryggare og sterkare, seier Stoltenberg.

Donald Trump, som ligg godt an på målingane i presidentvalet, har fått kraftig kritikk for å ha sådd tvil om viljen til å forsvare Nato-allierte dersom han vinn valet.

Stoltenberg kom med utsegnene på ein pressekonferanse i Polen saman med Storbritannias statsminister Rishi Sunak tysdag.

(©NPK)

USAs forplikting til Nato kjem til å stå fast, sjølv om Trump vinn valet, ifølgje Jens Stoltenberg. Foto: Geert Vanden Wijngaert / AP / NTB