Klargjør siden...
Annonse

Stor auke i bestillingar hos Norwegian etter SAS-streiken

Etter at meklinga mellom SAS og pilotane ikkje førte fram, opplever flyselskapet Norwegian eit hopp i nye bestillingar.

Norwegian opplever stor auke i talet på bestillingar etter at SAS-pilotane gjekk ut i streik, seier kommunikasjonsdirektør Grete Roald til TV 2.

– Vi ser ein veldig stor auke i bestillingar. Det har vi sett sidan eit vart meldt om potensiell streik for to veker sidan. Men etter at forhandlingane vart utsette har det auka og spesielt etter 11 i dag har det vore ein kraftig auke, seier Roald.

Roald fortel vidare at dei opplever størst pågang på «typiske sydendestinasjonar» som Spania, Italia, Hellas og Frankrike.

(©NPK)

Norwegian opplever stor auke i talet på bestillingar etter at SAS-pilotane gjekk ut i streik. Foto: Javad Parsa / NTB

Annonse