Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Meir enn 49.000 laksar har rømt frå eit anlegg i Tosenfjorden i Bindal kommune i Nordland. Så langt er det rapportert om at 418 fisk er fanga inn igjen.
innenriks.vaktsjef@ntb.no/frida.pernille.mikkelsen@npk.no
Publisert: 11.07.2019 kl 17:27
Oppdrettslaksen stammar frå anlegget til Sinkaberg-Hansen AS i Oksbåsen, opplyser Fiskeridirektoratet.
Melding om rømminga kom måndag morgon, og tysdag vart det gjennomført tilsyn ved anlegget. Oppdrettsselskapet er no pålagt å drive gjenfangst av fisken utanfor dei påkravde 500 meterane frå anlegget, og det er sett i verk gjenfangst i sjøen og i vassdrag i regionen.
Den aktuelle fisken har ei snittvekt på rundt 2,6 kilo.
(©NPK)
49 000 laks har rømt frå anlegget til Sinkaberg-Hansen AS i Oksbåsen i Bindal kommune i Nordland. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix