Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Mannen i 60-åra som vart meld sakna etter ein sopptur i Åsane i Bergen måndag kveld, vart funnen i god behald tysdag kveld.
Publisert: 29.08.2023 kl 18:21
Sist oppdatert: 29.08.2023 kl 19:27
Litt etter klokka 19 tysdag, eit døgn etter at han sist vart observert, opplyste Vest politidistrikt at mannen var funnen.
Familien melde han sakna då han ikkje kom heim etter ein sopptur, ifølgje Bergens Tidende. Sidan mannen har ei grad av demens, frykta politiet at han ikkje visste kvar han var eller kvar han gjekk, skriv Bergensavisen.
Både hundar, helikopter og frivillige deltok i søket etter mannen.
(©NPK)