Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Det braut ut brann i ein av Berlins skogar etter eksplosjonar i eitt av politiets ammunisjonslager. Brannvesenet fekk kontroll over flammane etter nokre timar.
uvakt@ntb.no/ragnhild.marie.kjosbakken@npk.no
Publisert: 04.08.2022 kl 10:32
Sist oppdatert: 04.08.2022 kl 16:42
Brannen starta i byskogen Grünewald i morgontimane torsdag, men skal ikkje lenger utgjere nokon risiko for innbyggjarane, ifølgje brannvesenet.
– Det kjem likevel til å halde fram med å brenne ei stund til, seier ein talsmann for brannvesenet i den tyske hovudstaden.
Ingen er så langt meldt skadd, og publikum er bede om å halde seg unna området som er populært blant lokalbefolkninga og turistar. Trafikken langs fleire toglinjer i nærleiken er stansa.
Samtidig er det sett opp sperringar slik at brannvesenet kan sløkkje flammane frå ein avstand på rundt éin kilometer frå ammunisjonslageret. Både gammal ammunisjon frå andre verdskrigen, fyrverkeri og sprengstoff skal vere lagra i skogen.
Berlin opplever ei hetebølgje og torsdag var det temperaturar opp mot 38 grader i byen.
(©NPK)
Brannvesenet på plass ved Grünewald i Berlin torsdag. I løpet av ettermiddagen fekk dei kontroll på brannen. Foto: Christophe Gateau / DPA via AP / NTB