Klargjør siden...

Stor uvisse i fiskerinæringa etter britisk EU-nei

(NPK-NTB): Sjømat Norge er spent på kva Storbritannias EU-nei betyr for næringa, og seier det gir ein uføreseieleg og ny situasjon.

– Ei utmelding vil sjølvsagt gi nokre umiddelbare uheldige konsekvensar, særleg gjennom valutasvekkingar og økonomisk uro. Men prosessen med utmelding vil gå over to år, og verken marknadstilgangen eller ressursspørsmåla blir endra over natta. Vi har framleis tru på eit godt samarbeid med britane, seier styreleiar Inger Marie Sperre i Sjømat Norge, Noregs største sjømatorganisasjon.

Ho seier dei kortsiktige konsekvensane vil vere den umiddelbare uroa i britisk og europeisk økonomi, der valutasvingingar og svekt kjøpekraft også kan ramme eksporten av norsk sjømat.

– Storbritannia er ein viktig marknad. Uroa i økonomien vil også kunne få negative effektar for norsk eksport av sjømat. Særleg vil norsk kvitfisk vere utsett, og vi vil følgje denne situasjonen nøye, seier styreleiaren i Sjømat Norge.

Noreg eksporterte i fjor sjømat for 5,1 milliardar kroner til Storbritannia, som var vår fjerde største marknad. (©NPK)

Annonse