Storbritannia og Tyskland markerte sjøslaget ved Jylland

(NPK-NTB-DPA): Storbritannia og Tyskland heldt ein felles seremoni for å markere Jyllandsslaget som raste for hundre år sidan. Slaget kosta nær 9.000 soldatar på 36 timar.

Tysklands president Joachim Gauck og dronning Elizabeths dotter, prinsesse Anne, la ned blomar under ein seremoni på ein militærkyrkjegard på Orknøyane nord for Skottland tysdag.

Slaget ved Jylland, som òg kallast slaget om Skagerrak, byrja 31. mai 1916 og fann stad nokre få mil nordvest for Jylland.

Slaget ble innleidd som eit tysk forsøk på å lure ut og øydeleggje ein større del av den britiske flåten. Målet var å bryte den britiske blokaden av den tyske kystlina mot Nordsjøen.

I løpet av slaget blei 14 britiske og 11 tyske skip søkkte. (©NPK)