Storbritannias innanriksminister Suella Braverman får sparken, ifølgje britiske medium

Den britiske innanriksministeren Suella Braverman, som har vore i hardt vêr den siste tida som følgje av hard offentleg kritikk mot politiet, har fått sparken.

Statsminister Rishi Sunak har måndag bede henne gå av, noko ho har gjort, melder både BBC og Sky News.

Suella Braverman har gjennom den politiske karrieren sin – og si tid som innanriksminister – vorte kjent for å komme med kontroversielle utsegner, og ho har støytt frå seg mange av dei meir moderate kollegaene sine.

Kritikken har rasa mot innanriksministeren etter at ho førre veke publiserte ein kronikk der ho skulda politiet for å vere dobbeltmoralsk i måten dei behandlar propalestinske demonstrantar på. Ho hevda mellom anna at politiet tek i dei propalestinske protestane med silkehanskar etter at dei nekta å avlyse stordemonstrasjonen i London i helga.

Braverman har tidlegare kalla dei propalestinske protestane for «hatmarsjar» og «mobbar», sjølv om dei ikkje har ført til openberr vald. Politiet har sagt at valdstrusselen frå demonstrasjonen ikkje var stor nok til at dei kunne forby han.

Både opposisjonen og tidlegare politimeistrar har gått ut mot Bravermans utsegner, i tillegg til kollegaer i eige parti som har uttalt seg anonymt til The Telegraph og The Times.

Bravermans tirade mot politiet kom kort tid etter at ho fekk mykje motbør for ei fråsegn der ho sa at det å vere uteliggjar var eit «livsstilsval».

Innanriksminister i Storbritannia Suella Braverman har fått sparken. Ho må gå etter å ha komme med ei rekke kontroversielle utsegner om politiet, propalestinske demonstrantar og heimlause i Storbritannia. Foto: Kirsty Wigglesworth / AP / NTB

Annonse