Storbritannias utanriksminister trur framleis brexitsamtalane vil lykkast

Med godvilje kan brexitforhandlingane framleis lykkast, meiner Storbritannias utanriksminister Jeremy Hunt.

- Dette er openbert ein vanskeleg fase. Men det var heile tida klart at ein slik augneblink ville komme. Vi må ikkje gløyme at det er gjort store framskritt allereie. Eitt eller to veldig vanskelege spørsmål står att, men eg meiner framleis at vi kan komme i mål, seier Hunt.

- Med godvilje hos alle partar kan vi komme dit. Men det er framleis nokre vanskelege spørsmål som må løysast, seier han.

Forhandlingane om ein skilsmisseavtale vart søndag kveld kasta ut i uvisse etter eit mislykka hastemøte i Brussel mellom EUs sjefforhandlar Michel Barnier og Storbritannias brexitminister Dominic Raab.

Forhandlingane er no stoppa fram til EUs toppmøte onsdag denne veka.

(©NPK)

Storbritannias utanriksminister Jeremy Hunt nektar å gi opp trua på at brexitforhandlingane vil lykkast til slutt. Foto: AP / NTB scanpix