Stordalen ønskte velkommen til rundebordssamtale

(NPK-NTB-Anne M. Gøystdal): – Eg håper de tar med dykk enda større idear heim att, sa Gunhild Stordalen då ho ønskte velkommen til opninga av EAT-konferansen i Stockholm måndag.

– Dette er ikkje ein konferanse der de kan lene dykk tilbake, sjå på nokre power point-presentasjonar og utveksle forretningskort. Vi forventar at de tar med dykkar eigne idear, og forhåpentlegvis kan de ta med dykk enda større idear, partnarskap og planar heim att, sa Stordalen i opningstalen.

Den to dagar lange konferansen får mange celebre gjester i år. Blant dei kronprinsessene Mette-Marit og Victoria og TV-kokken Jamie Oliver. Ifølgje EAT er det påmeldt dobbelt så mange pressefolk som i fjor.

– Saman kan vi utgjere ein koalisjon. Ikkje berre ein koalisjon av dei villige, men også av dei modige og framovertenkande. Verda treng dette meir enn nokon gong, sa Stordalen.

– Vi må jobbe saman. Verda treng ikkje ei løysing som kjem ovanfrå og ned, og vi har ikkje tid til å vente på eit svar som veks fram oppover. Det verda treng, er ein rundebordssamtale. Og EAT er det bordet, sa Stordalen. (©NPK)

Annonse