Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-AFP): Tusenvis av brasilianske kvinner protesterte onsdag mot det dei meiner er ein frykteleg valdtektskultur i landet.
npk@npk.no
Publisert: 02.06.2016 kl 07:18
Demonstrasjonane vart løyst ut av den sjokkerande saka der ei 16 år gammal jente i Rio de Janeiro skal ha blitt valdtatt av fleire enn 30 menn. Gjengvaldtekta vart avslørt etter at det i førre veke dukka opp ein video av overgrepet i sosiale medium.
Både i Rio og i São Paulo samla fleire tusen menneske seg i gatene for å protestere, og dei hadde med seg plakatar med slagord som «Alle blør» og «Ikkje offerets skuld».
Det brasilianske senatet vedtok tysdag eit lovforslag som aukar straffene for gjengvaldtekter og som gjer det straffbart å filme valdtekter, men mange brasilianske kvinner har liten tiltru til politikarane. Eit anna slagord under protestane var «Kjemp utan frykt», eit stikk til president Michel Temer, ettersom etternamnet hans betyr frykt på portugisisk.
Så langt er tre menn arresterte og sikta etter gjengvaldtekten, som skal ha skjedd 21. mai. Politiet jaktar på tre andre menn som viser ansiktet sitt i overgrepsvideoen. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.